22-åring meld for ruskøyring

DEL

Natt til laurdag vart ein 22 år gammal mann meldt til politiet for køyring i ruspåverka tilstand i Sogndal.

– Det var ein politipatrulje som kom over han, og ønska å sjekke han. Patruljen mistenkte at han var ruspåverka og sendte han til legevakt for blodprøve, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.

Politiet har midlertidig beslaglagt førarkortet til 22-åringen.

Politiet melder også om to forhold i Måløy.

– Ein festdeltakar oppgav falsk personalia, og nekta å gi politiet riktige opplysningar. Det vart oppretta politimelding mot denne personen, seier operasjonsleiar, Knappen.

Ein bilførar i Måløy fekk også trøbbel med politiet på grunn av feil lysbruk gjentatte gongar.

– Ein patrulje traff denne bilen tre gongar i løpet av natta, og kvar gong køyrde han med kurva tåkelys. Dette resulterte i at personen fekk eit forenkla førelegg, seier Knappen.

Artikkeltags