Hund som beit fireåring er avliva

Hunden vart avliva tysdag 10. september.

DEL

I juli vart ein fire år gammal gut biten av ein hund i Gloppen. Guten fekk skader i hovudet, og vart lagt inn på Førde sentralsjukehus etter hendinga.

Lensmannen i Førde, Dag Fiske, gjorde deit forvaltingsvedtak om avliving av hunden. Vedtaket om avliving vart klaga på av hundeeigar. – Etter å ha vurdert saka på nyt trekte hundeeigaren klaga og samtykte til avliving, skriv politiet i ei pressemelding.

Like etter hendinga i juli i år vart det også oppretta straffesak, men den vart lagt vekk då det ikkje vart funne noko straffbart i måten hundeeigar handterte hunden.

Artikkeltags