Etterlyser to mørkkledde menn etter innbrot

Politiet ønskjer tips frå publikum etter innbrotet i Slåttebakkane.

DEL

– Det er observert to mannlege personar bevege seg i området Hjortefaret/Brendeholten i tidsrommet 18.30 – 19.15 tysdag 26. februar. Dei skal begge vere mørkkledde anten med hettejakke eller hettegenser, seier Stine Mari Vårdal, etterforskingsleiar i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet ønskjer å kome i kontakt med desse to personane, og ber dei ta kontakt med Førde og Naustdal lensmannskontor.

Det er også gjort observasjonar av ukjende personar som har observert/tatt bilde av hus i Førde-området den siste veka.

– Om publikum har vore vitne til dette eller ser slik oppførsel, ønskjer politiet å bli kontakta, seier Vårdal.

Har du tips i saka? Kontakt lensmannskontoret på 57723700/ 02800.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags