Travel natt for politiet – måtte ta hand om elleve hendingar berre i Stryn

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Knekt nase, slåsting og overstadig rusa personar. Dette måtte politiet handtere natt til søndag.

DEL

I Stryn har det denne helga vore motorfestival. Gårsdagen gjekk ifølgje politiloggen relativt bra, medan det natt til søndag var litt meir å gjere for lovas lange arm.

– Meir enn det som plar å vere ei vanleg helg i Stryn for å seie det slik, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Olaug Holme.

Hang ut bilvindauge i fart

Rundt klokka 19.00 måtte politiet vekke opp ein gut som låg og sov. Då han kom til hektene att gjekk han for eiga maskin.

Fire passasjerar i to bilar fekk alle gebyr frå politiet etter å ha hengt ut av bilvindauga i fart. – Ein dyr lærdom, seier politiet.

Ei jente i slutten av tenåra fekk tilsyn av helse, då ho opplyste til politiet at ho hadde fått noko i drikka si som ho ikkje tolte.

Litt etter halv eitt fekk politiet melding om slåsting i Stryn sentrum. Gemytta hadde derimot roa seg då politiet kom til staden.

På same tid fekk to jenter på høvesvis 19 og 20 år gebyr for å ikkje ha brukt bilbelte. Dei hang ut takluka på ein bil.

– Det er uforsvarleg det dei har halde på med. Både frå førar og passasjerar si side. Det seier seg sjølv at dette er farleg, seier Holme.

Kjærastepar i krangel – mann vist vekk

Seinare på natta vart ein mann i 30-åra køyrt i arresten etter eit nytt slagsmål i Stryn sentrum. Sak er oppretta, melder politiet.

Eit kjærastepar hamna også i ein krangel i sentrum. Den mannlege parten vart vist vekk.

Nok ein slåstkamp i sentrum vart meldt litt før klokka 02.00. Tre menn i slutten av tenåra var involvert, og den mistenkte part vart meld og vist vekk frå sentrum.

Litt over klokka 02.00 vart ein overstadig rusa gut på 17 år henta av far, etter at han vart kontakta av politiet.

Klokka 03.43 må politiet rykke ut til ordensuro ved ein overnattingsstad. Ein person vart fjerna frå adressa.

Fekk knekt nasen

Ein mann i 20-åra vart meld for urinering på offentleg stad i Førde litt før halv tre. I Florø vart det meld om tjuveri frå ein utestad litt før klokka 04.00. Ein mann i 20-åra kan vente seg ei melding av politiet.

I Sogn, nærmare bestemt i Vik, vart ein mann i 30-åra utsett for kroppsskade. Den fornærma fekk knekt nase og to mistenkte menn i 20 åra vert meld for forholdet.

På E39 ved Grodås vart ei jente i slutten av tenåra målt til ein snittfart på 132 km/t i 80-sona. Ho vart meld og førarkortet vart kverrsett.

Artikkeltags