Fått kontakt med sakna turgåar i Vik

Mannen i 40-åra kom ikkje tilbake frå fjelltur måndag. No har kjærasten fått kontakt med han.

DEL

Ein mann i 40-åra var meldt sakna i Vik i Sogn. Han kom ikkje tilbake frå ein fjelltur i går.

Tysdag morgon var politiet no er i gang med å sende ut eige mannskap og frivillige for å leite etter turgåaren. Mannen ikkje er lokalkjend i området.

– Nokon hadde kontakt med han i går ettermiddag. Etter den tid veit vi ikkje meir, seier Samsonsen.

Kl. 07.13 opplyser politiet at kjærasten til vedkommande har fått kontakt med han på telefon.

– Det var eit turfølge på fire som var på tur saman i går. Vedkommande valde å gå vidare, medan dei andre snudde. Sist dei hadde kontakt med han var kl. 15.00. No har det tatt ei ny vending. Meldaren, som er kjærast til den sakna, har no hatt telefonisk kontakt med mannen, seier operasjonsleiar, Tatjana Knappen.

Ho fortel at mannen fann ei hytte og har overnatta der.

– Han har problem med å kome seg ned. Vi skal bistå med å få han trygt ned att, seier Knappen.

Politiet informerer at dei fekk melding om den sakna mannen kl. 05 tysdag morgon. Turfølget er turistar.

Artikkeltags