Politiet slår alarm om manglande bemanning – får ikkje etterforska barnevald

MÅ AVLYSE: I rundspørjinga NRK gjorde, oppgir etterforskingsleiarar at dei både må avlyse og utsetje barneavhøyr og at saker blir liggande i fleire månader. Bilde er frå Barnehuset i Førde, der born utsett for overgrep blir avhøyrde.

MÅ AVLYSE: I rundspørjinga NRK gjorde, oppgir etterforskingsleiarar at dei både må avlyse og utsetje barneavhøyr og at saker blir liggande i fleire månader. Bilde er frå Barnehuset i Førde, der born utsett for overgrep blir avhøyrde. Foto:

Av
DEL

Etterforskingsleiarar i sju av tolv politidistrikt seier dei har for lite politifolk til å få etterforska saker skikkeleg om vald og overgrep mot barn.

Det skriv NRK.

Talet på avhøyr knytte til seg slike saker har dobla seg på seks år, frå 2.652 i 2013 til 5.577 i 2018. Desse avhøyra blir gjennomførte av folk med spesialkompetanse.

Det er i Troms politidistrikt, Trøndelag politidistrikt, Møre og Romsdal politidistrikt, Vest politidistrikt, Innlandet politidistrikt, Aust politidistrikt og Agder politidistrikt etterforskingsleiarar oppgir at bemanninga er for dårleg.

Det er i dag ingen frist for etterforsking av barnevald, til skilnad frå andre valdssaker, som helgebråk, slagsmål og kroppsskadar. For desse er fristen 90 dagar.

I rundspørjinga NRK gjorde, oppgir etterforskingsleiarar at dei både må avlyse og utsetje barneavhøyr og at saker blir liggande i fleire månader. Leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund kallar det for ein «heilt uhaldbar situasjon».

(©NPK)

Artikkeltags