Set inn fleire politipatruljar på grunn av vêrmeldingane

Det er venta sterk vind og store nedbørsmengder det komande døgnet. No aukar politiet beredskapen.

DEL

– Vi styrkar bemanninga både i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn for å vere førebudde.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde om at myndigeheitene aukar beredskapen.

Det seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt laurdag ettermiddag klokka 16.00.

Det er sett inn ekstra patruljar alle stadene på grunn av varsel om sterk vind og store mengder nedbør. Fredag sende NVE ut farevarsel på oransje nivå for jordskred og flaum i fylket.

– Det som er mest urovekkande er at det er venta så mykje nedbør, saman med vind, utover kvelden, natta og morgondagen.

Patruljane vil vere aktivt ute på vegane og vil ha ekstra fokus på spesielt rasutsette stader.

– Men det er vanskeleg å vite kor det slår til. Det viser seg jo at ting kan skje andre stader enn ein trur. Men med ekstra ressursar er det lettare å vere kjapt på plass der det skjer, seier Algrøy.


Artikkeltags