Bil køyrde utfor vegen på fv. 607

DEL

Det melde Vest politidistrikt klokka 13.42 søndag.

Alle naudetatane rykte ut til staden. Utforkøyringa skal ha skjedd ved Botnatjørna i yste Fjaler. Firda melde først at ulukka hadde skjedd på fv. 57, men det er fv. 607 som er korrekt.

Etter det politiet veit skal det stå bra til med føraren av bilen.

Det skal vere svært glatt der ulukka har skjedd.

Brannvesenet var først på staden. Då sat førar framleis i bilen. Han kom seg ikkje ut sjølv og brannvesenet måtte vente på fleire ressursar for å få vedkommande ut, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt klokka 14.00.

Klokka halv tre var førar henta av ambulanse.

– Vi kjennr ikkje skadeomfanget. Bilbergar er bestilt, seier Magnussen.

Vegtrafikksentralen åtvarar mot speglglatt veg:


Artikkeltags