14 tatt i 60-sone på rv. 5

DEL

Utrykningspolitiet hadde onsdag laserkontroll på rv. 5 ved Tønjum i Lærdal.

På staden er det 60-sone, og 14 førarar var for harde på gassen. Høgste fart vart målt til 75 km/t.

Les også: Sjå stor oversikt: Her står UP i sommar

Her ryk lappen:

  • 30-sone: 56 km/t
  • 40-sone: 66 km/t
  • 50-sone: 76 km/t
  • 60-sone: 86 km/t
  • 70-sone: 106 km/t
  • 80-sone: 116 km/t
  • 90-sone: 126 km/t
  • 100-sone: 141 km/t
  • 110-sone: 151 km/t

Dersom andre omstende tilseier det, kan førerkortet ryke ved lågare hastigheit.

Dette kostar det deg om du køyrer for fort

Når fartsgrensa på staden er 60 km/t eller lågare:

  • til og med 5 km/t kr 800
  • til og med 10 km/t kr 2 100
  • til og med 15 km/t kr 3 800
  • til og med 20 km/t kr 5 500
  • til og med 25 km/t kr 8 500

Når fartsgrensa på staden er 70 km/t eller høgare:

  • til og med 5 km/t kr 800
  • til og med 10 km/t kr 2 100
  • til og med 15 km/t kr 3 400
  • til og med 20 km/t kr 4 700
  • til og med 25 km/t kr 6 400
  • til og med 30 km/t kr 8 500
  • til og med 35 km/t kr 10 200

Når fartsgrensa på ein motorveg er 90 km/t eller høgare:

  • 36 km/t til og med 40 km/t kr 10 650

Kjelde: Politiet.

Artikkeltags