Slåstkamp i Førde

DEL

Rundt klokka eitt i natt fekk politiet melding om ein slåstkamp på Best-stasjonen i Førde.

Politiet rykte ut, og kom i kontakt med den fornærma. Han var ikkje skadd. Gjerningspersonane hadde forlate staden då politiet kom.

Om lag samtidig rykte politiet ut til Meieriet Pub i Sogndal, der ein svært rusa person nekta å forlate staden. Politiet tok med seg personen til legevakta.

Artikkeltags