Slagsmål ved Venezia

DEL

Klokka 01.56 fekk politiet melding om slagsmål ved Venezia. Då politiet kom fram hadde slagsmålet løyst seg opp, men det var framleis amper stemning. Tre personar vart viste bort frå staden.

– Alle var godt rusa og det var tumultar mellom dei. Det endar med at dei fekk pålegg om å forlate staden, seier Dag Olav Sæter ved Vest politidistrikt.

Dei tre som vart viste bort var alle menn fødde på 90-talet.

Ingen er melde for hendinga, men ifølge politiet er det mogleg at partane vil melde kvarandre i ettertid.

Artikkeltags