Politiet etterlyser mann som vart slått ned på Burger King i Førde

VIL HA KONTAKT: Dag Fiske, lennsmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, vil ha kontakt med ein mann som vart slått ned i Førde.

VIL HA KONTAKT: Dag Fiske, lennsmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, vil ha kontakt med ein mann som vart slått ned i Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: To menn vart slått ned på Burger King i Førde natt til 23. september. Ein av dei hamna på sjukehus med hjerneristing. Den andre veit ikkje politiet kven er. No ber dei vedkommande om å melde seg.

DEL

– Valdshandlinga verka relativt uprovosert, seier lensmann Dag Fiske, som har video av hendinga.

Ein mann slo ned to andre menn på Burger King i Førde natt til 23. september. Den eine hamna på sjukehus med hjerneristing, medan den andre forlét staden utan å snakke med politiet.

Politiet har, i tillegg til video, forklaringar frå både han som hamna på sjukehus og mannen som slo. Valdsmannen har erkjent handlingane som ifølge Fiske kvalifiserer som grov kroppskrenking. Ein del av bildet manglar likevel.

– Vi har veldig lyst å komme i kontakt med den andre mannen, men har ikkje klart å spore han, seier Fiske, som ber mannen om å melde seg.

Ifølge Fiske var det den ukjende mannen som vart slått ned først, før han som hamna på sjukehus vart slått ned og vart liggande medvitslaus på golvet. Dei to kjende ikkje kvarandre.


Artikkeltags