Politiet ber om tips etter at mann blei slått ned

VIL HA TIPS: Lensmann Dag Fiske ber om tips frå Hundvebakke i tidsrommet 00-01.30 natt til søndag.

VIL HA TIPS: Lensmann Dag Fiske ber om tips frå Hundvebakke i tidsrommet 00-01.30 natt til søndag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Håpar tips eller DNA-treff kan hjelpe dei å spore opp gjerningsmannen.

DEL

– Vi er veldig interesserte i å få tips frå alle som oppheldt seg i området Hundvebakke i tidsrommet mellom midnatt og klokka 01.30 natt til søndag.

Det seier Dag Fiske, lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Ein mann i 30-åra blei slått ned i området Hundvebakke i Førde natt til søndag, etter å gripe inn då ein annan mann prøvde å ta seg inn i ein bil. Den fornærma ligg enno på intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus. Det opplyser Per Marifjæren i Helse Førde. Ifølge Dag Fiske skal det ikkje vere fare for liv.

Førebels få spor

Fiske seier politiet ser alvorleg på saka, men fortel at dei førebels har få spor å gå etter.

– Vi har avhøyrt den fornærma, men han har enno lite å komme med, sidan han blei slått ned så fort. Difor er vitneobservasjonar frå dette området og tidsrommet veldig interessant for oss, seier han.

Han fortel at den fornærma har komme med ei vag skildring av gjerningsmannen. Han skal ha vore iført mørk, blå jakke, mørke klede og kanskje ei svart lue. Lensmannen understrekar likevel at skildringa kan vere prega av dårleg minne hos den fornærma.

Håpar på DNA-treff

Politiet har også vore på åstaden og sikra spor som skal DNA-testast.

– Forhåpentlegvis kan dette gi analysetreff med tanke på gjenstanden som er brukt til å slå ned mannen, seier Fiske.

Vidare skal politiet undersøke om det finst videoar eller registrerte bompasseringar frå området.

– Men det er lite overvaking så langt ifrå sentrum, seier Fiske.

Dei som har tips i denne saka, kan ringe politiet på 02800.

Artikkeltags