Ein person til sjukehus etter innbrot i bustadhus

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Seint i natt knuste ein person eit vindauge i ei dør, og tok seg inn i ein bustad på Nordfjordeid.

– Inntrengaren som tok seg inn i bustaden der han utøvde vald, fekk kuttskadar då han knuste vindauget i døra, før han utøvde vald mot ein annan person. Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus, og det kjem til å bli oppretta sak. Noko meir veit eg ikkje no, seier Odd Arve Solvåg som er operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags