To omkom etter arbeidsulykke på båt

TANKBÅT: Båten «Key Fighter» ved kai i Måløy, der den søkte hamn etter ulykka natt til laurdag.

TANKBÅT: Båten «Key Fighter» ved kai i Måløy, der den søkte hamn etter ulykka natt til laurdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÅGSØY: Vest politidistrikt melde laurdag at to personar er sende til Ålesund sjukehus frå ein Maltaregistrert kjemikalietankar. Ulykka skjedde vest for Stadlandet.

DEL

Dei to utførte arbeid i ein tank, og vart funne bevisstlause. Politiet fekk melding om ulykka rundt klokka halv seks laurdag morgon.

Den eine personen var død då han kom fram til Ålesund sjukehus. Dette var ein spansk statsborgar på 76 år.

Søndag føremiddag melder Helse Midt-Norge på sine sider at også den andre mannen, som vart kritisk skadd, er død. Dette er ein 42 år gammal mann frå Filippinane.

Natt til laurdag

– Ein person er erklært død, og den andre er kritisk skadd, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet har ikkje komme med ytterlegare opplysningar i saka, anna enn at dei har gjennomført åstadsungersøking, og jobbar med avhøyr av dei tilsette.

Tilhøyrer flåten til Måløy-selskap

Båten «Key Fighter» er registrert på Malta, og høyrer til flåten til Fjord Shipping i Måløy. Båten er bygd i 1989 og er 104 meter lang.

Fjord Shipping har hovudkontor i Måløy, og administrerer ifølge sine eigne heimesider rundt 20 skip.

Til BT seier talsmann for reiarlaget at skipet var på veg til England for å hente ny last.

– Dette var ein ballast-tur, der dei gjekk utan last. Men i samband med oppfylling av ballast har dei hatt denne hendinga, seier advokat Hugo P. Matre hos Schjødt, som er talsmann for reiarlaget og adm. direktør Knut Eltvik, til Bergens Tidende.

Han legg til at skipet vanlegvis går med ulike vegetabilske produkt, som rapsolje og fiskeolje.

Hydrogensulfid

Politiet melder at årsaka til ulykka truleg er at det har utvikla seg hydrogensulfid i tankane på båten.

Hydrogensulfid er ein fargelaus og giftig gass. Den kan oppstå i tankar, for ekseple med oljeprodukt, gjødselkjellarar og kloakkanlegg. Gassen er tyngre enn luft. 

Gassen har ei lukt av rotne egg, men med høge konsentrasjonar av gassen vert luktesansen lamma. Gassen er dødeleg i høge konsentrasjonar.

Artikkeltags