Politiet kom til privat ungdomsfest, og der gjekk det ikkje berre i alkohol

FØRDE: Fann hasj og amfetamin på privatfest i Halbrendslia. Fem menn i 20-åra er meldt.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Natt til søndag tok politiet turen til ein privatfest i Halbrendslia i Førde. Det enda med at 12 mindreårige festdeltakarar blei henta av foreldra sine. I tillegg fann politiet hasj, amfetamin og nokre tablettar som dei ikkje har fått undersøkt enno. Fem menn i 20-åra er politimeld for narkotika.

Politiet vil ikkje gå ut med kvifor dei tok turen til festen. Operasjonsleiar Bengt Ness fortel at festen starta laurdag kveld, og at politiet både var der seint på kvelden og på nattetid.

Slost etter konflikt med dame

På ein annan privatfest i Førde fekk politiet melding om at uvedkommande personar hadde komme og laga bråk. Men dei ubedne gjestane hadde gått frå staden før politiet kom seg dit.

I Florø tok politiet inn ein rusa mann i 30-åra i arresten etter at han laga bråk på ein utestad i sentrum.

Politiet melder også om slåsting i Hans Blomgate i Florø sentrum på nattetid. Ein mann i 30-åra skal ha slått ned ein mann i 20-åra etter ein konflikt mellom den yngste mannen og ei kvinne.

Meld for drikking i sentrum

I Sogndal fekk ein rusa mann i 40-åra pålegg av politiet om å halde seg vekke frå ein utestad i sentrum rundt klokka 01.

Seinare på natta, klokka 03.11, fekk politiet melding om personar i Sogndal som laga bråk utanfor ein utestad i sentrum. Personane var vekke då politiet dukka opp.

Ei kvinne blei meld for drikking i Sogndal sentrum i løp av natta.

Artikkeltags