Aggressive menn i Førde

DEL

Politiet fekk i halv totida natt til fredag melding om ein mann som var rusa og aggressiv på Sunnfjord hotell i Førde. Han la opp til ein del krangling.

– Politiet kom til staden for å prøve å roe ned mannen. Han var stygg i språket og aggressiv. Patruljen som var på staden fekk fjerna mannen frå hotellet, vurderte drukkenskapsarresten. Kjenningar av mannen tok etter kvart hand om han og fekk han heim, så det løyste seg på den måten, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Også på Venezia restaurant vart det tumultar i løpet av natta

Politiet rykte ut og ein rusa mann fekk beskjed om å komme seg heim og ikkje vise seg i sentrum meir i løpet av natta.

– Det verkar som han høyrde på det. Politiet såg i alle fall ikkje meir til han, seier Dahl-Michelsen.

I Florø måtte politiet ta tak i ein svært rusa mann ved Vesle Kinn pub.

– Patruljen fekk stabla han på beina igjen, og sende han heim, seier Dahl-Michelsen.

Artikkeltags