Politiet: – Den eine bilen kom over i feil køyrefelt

KRASJ: Ifølgje NRK viser den førebelse etterforskinga at ulukka skjedde då den eine bilen kom over i feil køyrefelt. Haugen seier at dei store skadane som følgde viser at det også ha vore høg fart involvert.

KRASJ: Ifølgje NRK viser den førebelse etterforskinga at ulukka skjedde då den eine bilen kom over i feil køyrefelt. Haugen seier at dei store skadane som følgde viser at det også ha vore høg fart involvert. Foto:

To bilar med totalt åtte personar kolliderte på Strynefjellet. Tilstanden til ei kvinne i 50-åra er kritisk og ustabil, opplyser St. Olavs hospital.

DEL

– Dette er ein ulukkesbelasta veg der vi har sett mange dødsulukker tidlegare. Eg hugsar minst tre ulukker på omtrent same stad som onsdag.

Det seier politibetjent Roger Haugen i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt til NRK.

Onsdag kveld var åtte personar var involvert i ei trafikkulukke mellom to bilar på rv. 15 på Strynefjellet. I den eine bilen sat tre personar med indisk statsborgarskap, medan det sat fem personar i den andre bilen. Tre av dei har britisk statsborgarskap og to av dei er norske statsborgarar.

Ei kvinne i slutten av 50-åra vart flogen til St. Olavs hospital i Trondheim etter ulykka med kritiske skadar. Tilstanden hennar er framleis kritisk og ustabil, opplyser sjukehuset til NRK torsdag.

Ei anna kvinne i 20-åra vart sendt til Ålesund, også ho med kritiske skader, men tilstanden hennar er torsdag stabil. Ho har moderate skadar. Dei andre involverte vart sende til sjukehus i Førde, Lillehammer og Ålesund. Desse hadde ikkje alvorlege skadar.

Ifølgje NRK viser den førebelse etterforskinga at ulukka skjedde då den eine bilen kom over i feil køyrefelt. Haugen seier at dei store skadane som følgde viser at det også ha vore høg fart involvert.

Ein av førarane har fått førarkortet kverrsett.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags