Trafikkulykke mellom personbil og brøytebil på E39 – førar har kutt i hovudet

Av

LINDÅS: Redusert framkomst på E39 mellom Knarvik og Oppedal som følgje av ulykka.

DEL

Klokka 18 torsdag kveld melde Vest politidistrikt om ein trafikkulykke på E39 i Vetleurdal mellom ein personbil og ein brøytebil.

Det skriv Avisa Nordhordland.

– Førar av personbil har eitt kutt i hovudet, skriv Vest Politidistrikt i ei twittermelding.

Vegtrafikksentralen melder at det er redusert framkomst mellom Knarvik og Oppedal på grunn av trafikkulykka, som har skjedd ved Litle Urdaltunnelen.

Førar av personbilen er bevisst, og har kome seg ut av bilen. Føraren av brøytebilen skal vere uskadd. Det er manuell dirigering på staden.

110-sentralen melder at det er glatt på staden. Naudetatane er på veg litt over klokka 18.00.

Klokka 18.45 skriv politiet at førar blir undersøkt av lege på staden. Det er ikkje mistanke om ruskøyring. Poliet dirigerer trafikken forbi staden. Bilbergar frå Knarvik er på veg.

Årsaka til ulukka er ifølgje politiet at brøytebilen har stoppa for eit møtande vogntong, og at personbilen då har køyrt i bakenden på brøytebilen.

Klokka 19.00 melder Vest politidistrikt at førar av personbilen er køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er uvisst.

Klokka 19.30: Skadestaden er rydda og det er igjen fri ferdsel på E39.

Artikkeltags