Tankbil velta på E39 – førar flogen til sjukehus

ULUKKE: Ein tankbil lasta med kalk velta på E39 ved Flølo i Gloppen, laurdag 14. desember 2019.

ULUKKE: Ein tankbil lasta med kalk velta på E39 ved Flølo i Gloppen, laurdag 14. desember 2019. Foto:

Alle naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke på E39 ved Flølo i Gloppen.

DEL

Det melder Vest politidistrikt like før klokka 21.00 laurdag.

– Ein tankbil har velta og ligg på sida. Den skal ikkje vere lasta med farleg gods, opplyste politiet.

Klokka 21.15 opplyste operasjonsleiar Tatjana Knappen at føraren av tankbilen var bevisst, tatt ut av køyretøyet og tatt hand om av helsepersonell.

Brannvesenet var første etat på staden.

Tankbilen som velta er lasta med kalk.

Bilbergar blei bestilt og målet var å berge tankbilen i løpet av kvelden og natta.

Klokka 23.13 laurdag kveld meldte politiet at bilbergar har vore på staden, men at det ikkje er mogleg å få køyretøyet opp på vegbana før lasta er tømt. Det vil ta noko lengre tid, sidan eigna bil for tømming må kome frå Bergen.

Bilberginga ville truleg ikkje påverke anna trafikk på staden, meldte politiet.

Ifølge operasjonsleiar Knappen skjedde ulykka i ein slakk sving. Det er det tørr vegbane, men høg asfaltkant der tankbilen har velta.

– Ein av teoriane vi jobbar ut ifrå er at tankbilen har kome utanfor vegkanten og dermed velta.

Føraren er flogen til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er ukjent.



Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags