Politiet ber om tips etter dødsulykka i Flåm

DEL

– Har du opplysningar knytt til trafikkulykka på E16 ved Flåm sist fredag, så ber vi om at du tek kontakt med politiet i Aurland, på tipstelefon 47 69 60 60, seier kommunikasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Ulykka skjedde fredag første 1. november klokka 18.36, om lag 100 meter aust for Fretheimstunnelen på E16 i Flåm.

Politiet seier dei har behov for å komme i kontakt med eventuelle vitne til ulykka.

Det var tre bilar involverte. Ein grå Tesla Model S, ein blå Toyota Auris og ein grå Audi A3 Sportback e-tron.


Frigjer namnet på den omkomne i ulykka i Flåm


Artikkeltags