Køyrde av E39 og krasja med tre

Politi og ambulanse rykte ut til to trafikkulykker seint måndag kveld.

DEL

På Jølster køyrde ein bil av vegen og krasja med eit tre i ei 60-sone på E39 Jølstravegen.

Det skal berre ha vore ein person i bilen. Ifølge politiet kom vedkommande seg ut, men klaga over smerter i mage og rygg.

Føraren vart tatt med av ambulanse til Førde sentralsjukehus. Personen var vaken og medviten.

Bilbergar har vore på staden og fjerna bilen. Vegen er open og det er fri ferdsel.

Køyrde i skilt

Seinare på kvelden køyrde ein personbil av Kaupangervegen ved Coop-butikken i Kaupanger. Bilen køyrde i eit skilt langs vegen.

Også her var det ein person i bilen. Bilføraren kom seg ut og var både vaken og medviten. Det skal ifølge politiet ikkje vere personskade.

Politiet har oppretta sak i begge tilfella.

Artikkeltags