Trafikkulykke mellom moped og traktor

DEL

Litt etter 12.30 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 ved den gamle avkøyrsla til Tine Meierier på Byrkjelo.

Involvert i ulykka var ein moped og traktor.

Det skal ikkje vere snakk om personskade, melder operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Per Algrøy.

– Politiet rykkjer ut på grunn av språkproblem mellom moped- og traktorsjåføren. Den eine er norsk og den andre er tysk, og forstår ikkje kvarandre, seier Algrøy.

Klokka 13.30 melder operasjonssentralen at motorsykkelen fekk materielle skadar i samanstøyten. Det var den tyske turisten som køyrde mopeden. Kva som er årsaka til ulukka er ikkje kjent, opplyser Algrøy.

Artikkeltags