Rygga på politibil. Mista lappen

Rusa mann køyrde på politibil.

DEL

Det var litt før klokka 03 natt til søndag at ein politipatrulje stogga ein personbil på Nordfjordeid, på grunn av mistanke om at føraren i 20-åra var rusa.

Mistanken vart styrkt då mannen rygga på patruljebilen.

Førarkortet vart inndrege på staden.

Blodprøva viste ein promille på 1,8, opplyser operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Politibilen fekk små skadar.

Artikkeltags