Tok fyllekøyrar på høglys dag i Stongfjorden

DEL

Politiet stoppa ein bil med mannleg førar i Stongfjorden ved 13-tida i dag.

– Dei kom etter han med blålys, stoppa han, og no står bilen att utan førar, seier ein tipsar til Firda.

Og ganske rett:

– Mannen er mistenkt for køyring i rusa tilstand, han gjorde utslag på alkometer, melder politiet på Twitter.

Føraren blir fråteken førarkortet og politimeld.

Artikkeltags