Krasja i hjort – naudetatane rykte ut

DEL

Det har skjedd ei trafikkulykke om lag 1 km før Amlatunnelen i Kaupanger måndag morgon.

– Ein sjåfør køyrde på ein hjort. Bilen fekk store materielle skader, men sjåføren verkar uskadd, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda.

Naudetatane er på staden.

Hjorten sprang vekk etter ulykka. Viltnemnda er kontakta. Bilbergar er også på veg til staden.

– Det er litt trafikale problem på staden, men vegen er open, seier Magnussen, som fekk melding om hendinga klokka 06. 50.

Artikkeltags