To bilar blei stolne i helga: Den eine tjuven er tatt

KVEN STAL BILEN? Politiet ber folk om å komme med tips dersom dei har obsertvert bilen eller den som køyrde bilen før han hamna i Jølstravatnet.

KVEN STAL BILEN? Politiet ber folk om å komme med tips dersom dei har obsertvert bilen eller den som køyrde bilen før han hamna i Jølstravatnet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: I helga vart det stole to bilar; ein i Førde og ein på Skei. Politiet er sikre på at det er to ulike gjerningspersonar.

DEL

I tretida laurdag vart det stole ein VW Tiguan frå Skei i Jølster. Bilen vart funnen mellom halv sju og sju same kveld.

– Ein person vart gripen på ferjekaia i Lavik. Det er veldig lite sannsynleg at det er same person som stal bilen i Førde, seier Dag Fiske, lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Laurdag føremiddag, i Jølstravatnet ved Kjøsnes, vart det funne ein annan bil. Denne var stolen seint fredag kveld, eller natt til laurdag, frå Gamle Vievegen i Førde.

– Ikkje samanheng

I helga kunne ikkje politi avvise at dei to tjuveria hadde samanheng. No kan dei det.

– Vi har oversikt over kvar personen var, og vedkommande kunne rett og slett ikkje ha tatt den andre bilen, seier Fiske.

Sidan dei ikkje har funne den som stal den første bilen i Førde, har politiet no bedt folk om tips.

– Vi har kanskje ein observasjon rundt to-tre på natta. Då var det sett noko lys, men vi har ikkje noko konkret tidspunkt, seier Fiske.

Ber om tips

Politiet er ute etter all informasjon og alle observasjonar av denne bilen – som vart funnen i Jølstravatnet, i tidsrommet frå han vart stolen til han vart funnen.

Ifølge politiet ser det ut som at bilen har køyrt ned ein slags kjerreveg, og så halde fram ut i vatnet. Airbagen har ikkje vore utløyst, og bilen stod ikkje djupt i vatnet.

Artikkeltags