Politiet åtvarar mot organisert dekktjuveri

Folk i heile Vest politidistrikt bør undersøke om lagringsplassen er godt nok sikra, melder politiet.

DEL

– Berre i oktober har det i Vest politidistrikt blitt meldt heile 25 tjuveri av dekk og felgar. Tjuveria har skjedd i garasjar, bodar, loft og kjellarar.

Det skriv politiet sin nettpatrulje i Vest politidistrikt.

Sjekk boden din

Også andre gjenstandar har blitt stole frå denne typen lagringsplassar. Sjølv om dei fleste tjuveria har hendt rundt Bergen, har det også blitt stole dekk og andre gjenstandar andre plassar i Hordaland fylke. Politiet meiner derfor det kan tyde på at det er mobile vinningskriminelle.

– Vi rår derfor alle i Vest politidistrikt til å sjekke om ein har blitt utsett for dette, skriv politiet.

Dei ber også folk om å passe på at lagringsplassane er forsvarleg sikra mot tjuveri.

Be om kvittering

Dersom du er på jakt etter nye dekk, eller skal få nokon til å skifte dekk for det, så åtvarar politiet frå å bruke det som kan vere useriøse seljarar eller bedrifter.

– Ver spesielt merksam dersom prisane på slike varer eller tenester er mykje billegare enn vanleg, skriv politiet, og oppmodar om å alltid be om kvittering og betale med bankkort.

– Det gjer det vanskelegare å drive med svart arbeid.

Artikkeltags