Politiet åtvarar om e-postar frå svindlarar

Av

Kripos anbefaler å slette trusselmailar.

DEL

Vest politidistrikt gjekk søndag formiddag ut og åtvara om e-postar frå kriminelle.

– Fleire kontaktar politiet i forbindelse med at dei har mottatt trussel/utpressings-e-postar frå ukjente, skriv politiet på Twitter.

Kripos opplyser at fleire politidistrikt har meldt om svindelmailar.

– Her hevdar avsendar å ha tatt kontroll over kameraet på maskina, og filma mens brukaren ser på pornografi, skriv Kripos.

– Politiet oppfordrar alle til å slette slike e-postar, og ikkje tenke meir over det, held dei fram.

Folk som er ramma blir råda til å lese informasjon frå Norsk senter for informasjonssikring og Nettvett.no.

Artikkeltags