Får mange henvendingar om anrop frå politiet: – Ikkje ta den!

Har du blitt oppringt av 112 i det siste? Då bør du ikkje svare, eller ringe tilbake.

DEL

Det melder politiets operasjonssentral laurdag.

Dei har fått ei mengde henvendingar frå publikum som har fått anrop frå politiets naudnummer «112», og går difor ut med ein tydleeg beskjed:

«Dette er ikke politiet som ringer, og det oppfordres til ikke å svare på disse anropene», skriv dei på Twitter.

Slike anrop er det ikkje første gong politiet åtvarar mot. I september åtvara politiets nettgruppe om liknande telefonar dei frykta var svindel. Oppfordringa frå politiet var då lik: Ikkje ta telefonen. Politiet sjølv ringer nemleg aldri frå dette nummeret.

Artikkeltags