Den avlidne er ein mann på 58 år frå Litauen

Politiet går ut med alder og nasjonalitet på mannen som blei funnen død i Svelgen.

DEL

[FIRDAPOSTEN]: Pårørande til avdøde er varsla. Familien ønskjer foreløpig ikkje å gå ut med namn på avdøde. Det melder politiet i ei pressemelding tysdag ettermiddag. Mannen vart funnen på sin bopel av naboar søndag 6. oktober ca. klokka 14.00.

Mannen er obdusert og politiet ventar på endeleg resultat frå obduksjonen. I tillegg jobbar politiet vidare med vitneavhør, rundspørring, taktiske og tekniske undersøkingar. Dei jobbar også med å kartlegge avdøde sine rørsler i detalj for å få eit klart bilete på kva som har skjedd.

Det er forholda kring dødsfallet som politiet treng ei forklaring på, og undersøkinga held fram i håp om at vi snart skal finne svar på desse.

– Vi kan ikkje gå i detalj om kva dette går ut på, seier Espen Gulliksen.

Saka blir handtert av politiet i Bremanger.

Artikkeltags