To slagsmål ved Sunnfjord hotell i natt: – Ein vart slått ned og vareteke av ambulanse

SLÅSTKJEMPAR: Heile fire personar var involverte i slagsmål natt til laurdag, men det var to ulike episodar.

SLÅSTKJEMPAR: Heile fire personar var involverte i slagsmål natt til laurdag, men det var to ulike episodar. Foto:

Politiet meldte om to valdsepisodar utanfor Sunnfjord hotell i natt. Det blir oppretta sak på begge forholda.

DEL

Klokka 00.23 meldte politiet at to personar var involverte i ein slåstkamp utan for Scandic Sunnfjord hotell. Ein skal ha blødd ifrå ansiktet og vart teke med for sjekk hjå helsevesenet.

Dei involverte skal ha vore 18 og 19 år gamle. Den fornærma 18-åringen skal ha enda opp med eit blått auge, og den mistenkte 19-åringen var vist bort frå sentrum. Det er uklart kva som skjedde mellom dei to, og sak blir oppretta.

Klokka 01.45 tikka det inn ny melding frå politiet om ein person som var slått i bakken, også utan for Scandic Sunnfjord hotell.

– Han vart vareteke av ambulansepersonell, men vi veit ikkje mei om skadane, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Vaktar skal ha fått kontroll på gjerningspersonen som seinare vart vist bort frå staden og bede om å halde deg unna sentrum i Førde. Begge skal vere i 20-åra. Det blir oppretta sak også på dette forholdet.


Artikkeltags