Seks horn stolne frå musikar på Førdefestivalen

Tjuveriet har skjedd mellom 4. og 5. juli. No ønskjer politiet tips.

DEL

– Politiet har fått ei melding knytt til tjuveri av seks Kudohorn. Desse tilhøyrde ein musikar frå Sør-Afrika som var invitert til Førdefestivalen, skriv politiet i Sunnfjord på Facebook onsdag.

Tjuveriet har skjedd i tida torsdag 4. juli ca. klokka 18.00 til fredag 5. juli klokka 13.00 frå Sunnfjord hotell.

Horna var innpakka i plast.

– Kudahorna har stor verdi for eigaren som brukar dei i si utøving av musikk. Dersom noko har observasjonar eller tips i saka, ta kontakt med politiet i Førde, oppmodar politiet.

Nummeret dit er: 57 72 37 00.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags