Motorsyklist klarte ikkje å stoppe då personbil stoppa – kolliderte

DEL

Like før klokka 13.00 melder både Vest politidistrikt og Vegtrafikksentralen at det har vore ei trafikkulukke på rv. 15 ved Stauri i Stryn.

– Det har vore ein samanstøyt mellom ein personbil og motorsykkel. Motorsyklisten skal vere bevisst, melde politiet då.

Naudetatane rykte ut.

Klokka 13.20 var politi og ambulanse komne fram. Motorsyklisten vart tatt med til legevakt for sjekk og politiet gjorde avhøyr og undersøkingar på staden.

Litt før to var bilbergar er på staden og tok med seg motorsykkelen. Ifølgje politiet skal ulukka har skjedd fordi motorsyklisten køyrde på personbilen bak i forbindelse med ein stopp.

Vegen er no open for fri ferdsel etter at den var stengd i ein liten time.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags