Vogntog sperrar vegen i Sogndalsdalen

DEL

Klokka 12.31 melde politiet at eit vogntog sperrar riksveg 5 i Sogndalsdalen. Politiet rykte til staden.

Det skal vere glatt i området, skriv Vest politidistrikt.

Klokka 15.34 fortel trafikkoperatør Ove Amundsen i Statens vegvesen at vegen skal vere open.

– Det ligg ingen melding her om at vegen er stengt, så då skal den vere opna igjen. Eg har ikkje fått tidspunkt om kor tid den opna, seier Amundsen.

Artikkeltags