Tenåringar i trafikkulukke på Kaupanger

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGNDAL: Begge bilførarane skal ha kome uskadde frå ulukka, opplyser politiet.

DEL

Operasjonssentralen ved Vest Politidistrikt fekk klokka 23:39 fredag kveld melding om ei trafikkulukke på riksveg 5 ved Kaupanger i Sogndal kommune.

To personbilar – med ein person i kvar bil – var involverte, og den eine hadde køyrt på den andre bakfrå.

Hendinga skjedde like ved Shell-stasjonen, og vegen var stengd ei tid, opplyser Vegtrafikksentralen.

Urøynde bilførarar

– Bilførarane skal vere i 18-årsalderen, så det er snakk om to unge og urøynde bilførarar, seier Arve Samsonsen som er operasjonsleiar ved vest politidistrikt.

Grunna store materielle skadar var ingen av køyretya køyrbare etter samanstøyten, og dei måtte hentast av bilbergar.

Slapp uskadde frå ulukka

Ifølgje Samsonsen vart bilførarane sjekka på staden av helsepersonell, og begge skal ha sloppe uskadde frå hendinga.

– På bakgrunn av mellombelse avhøyr vil politiet opprette sak på hendinga. Så vil den vidare etterforskinga vonleg avdekke kva som skjedde, og eventuelle reaksjonar vil verte vurdert. Det er ikkje kverrsett førarkort, fortel Samsonsen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags