Namnet til den omkomne bussjåføren er frigitt

Ein person omkom og fem vart lettare skada etter at ein buss og ein lastebil frontkolliderte på E16 ved Evanger i Hordaland 16. oktober.

Ein person omkom og fem vart lettare skada etter at ein buss og ein lastebil frontkolliderte på E16 ved Evanger i Hordaland 16. oktober. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Mann omkom då buss og lastebil kolliderte på E16.

DEL

Måndag kolliderte ein buss og ein lastebil mellom Nakklagiltunnelen og Holemarktunnelen på E16 i Voss kommune.

Det var Vidar Fardal (62) frå Sogndal som omkom i ulukka. I samråd med familien har politiet frigitt namnet på den omkomne.

Bussen var på oppdrag for Nettbuss og var på veg frå Sogndal til Bergen. Sjåføren av bussen omkom og fem andre personar vart lettare skadde.

– Vi har også tysdag jobba med kriminaltekniske undersøkingar på staden. I tillegg avhøyrer vi vitner og dei som var innblanda i ulykka, seier politiførstebetjent Per Gunnar Thrane ved Voss lensmannskontor til BA.

– Vi har danna oss eit bilde av hendingsforløpet, men ønskjer førebels ikkje å gå ut med ytterlegare informasjon no, seier Thrane.

Vogntog-sjåføren kom frå ulukka utan fysiske skader.

Artikkeltags