Bombetrussel mot Flåm stasjon

BOMBETRUSSEL: Ein bombetrussel vart ringt inn mot Flåmsbana, men politiet har no avklara trusselen som ikkje reell.

BOMBETRUSSEL: Ein bombetrussel vart ringt inn mot Flåmsbana, men politiet har no avklara trusselen som ikkje reell. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Trusselen er avklara som ikkje reell. Innringaren er teken hand om av politiet ein annan stad i landet.

DEL

Ein bombetrussel var framlagt mot Flåm stasjon tidleg måndag morgon.

Politiet som har vore på staden, stadfesta dette.

– Det som har skjedd er at vi fekk ei melding om at nokon ville bombe flåmsbana, seier politiinspektør Odd Arve Solvåg til Firda.

Han held fram at trusselen var ringt inn via nokon andre. Trusselen skal ha vore innringt frå eit telefonnummer som ikkje var skjult, og interne registersøk frå politiet avgjorde tidleg at det ikkje var grunnlag for å vurdere trusselen som reell. Vest politidistrikt stadfesta dette i ei pressemelding.

Det var Sogn Avis som først melde om bombetrusselen.

Fleire politibilar med uniformert og væpna politi rykte ut til stasjonen.

Søkte gjennom togsetta

– Dette er heilt udramatisk, seier politiinspektøren. Situasjonen er no avklart.

Han opplyser om at politiet tok trusselen på alvor og sette inn dei tiltaka som var naudsynte for å få klarheit i det som skjedde.

Dei to togsetta som stod på stasjonen vart søkt gjennom, og politiet avklara og sikra begge to for vidare reise. 50–60 personar måtte vente om lag 40 minutt for å få vere med det eine toget vidare frå stasjonen.

– Det var ikkje naudsynt med noko evakuering, seier politiinspektøren. Dei fann ikkje noko bombe på nokon av toga.

NRK melder at trusselen ikkje var retta mot eit spesifikt togsett eller ein avgang, men mot Flåmsbana generelt.

Teken hand om av politiet

Innringaren er busett ein annan stad i landet, og politiet fekk raskt stadfesta at han var arrestert i eit anna politidistrikt. Vedkommande skal vere teken hand om av politiet i dette distriktet, ifølge politiet sjølv.

Ifølge NRK, stadfestar Sør-Øst politidistrikt at dei har arrestert ein person i samband med denne trusselsaka, i deira område.

– Eg vil ikkje seie noko meir om identiteten til den arresterte, seier Odd Arve Solvåg.

– Saka er sendt vidare til lokalpolitiet, og vert etterforska vidare der, seier han.

Artikkeltags