Mindreårige i slagsmål i Førde

DEL

Rundt kl. 0100 rykte politiet ut til eit slagsmål i Førde.

– Ein person fekk slått ut ei tann, og vart teken med til legevakta. Fornærma er mindreårig. Den mistenkte er også mindreårig og fekk pålegg om å gå heim etter hendinga. Like etterpå braut han dette pålegget, og han vert difor politimeld for begge tilhøva, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Politiet har vore i kontakt med føresette til begge ungdommane.

Drikking i Måløy og Sogndal

Også i Måløy måtte politiet kontakte føresette.

Der avbraut politiet ein heime-åleine fest, der dei mistenkte at mindreårige drakk alkohol. På festen var det om lag 30 ungdommar.

I Sogndal fann politiet ein sovande og overstadig rusa mann frå Førde.

Politiet tok vare på mannen fram til han vart henta av vennar.

Artikkeltags