Mann innelåst på toalettet på Coop Extra - kompisane fekk han ut

Dette er det politiet kan fortelje om natta som har gått.

DEL

I går kveld vart ein person innelåst på toalettet på Coop Extra på Sandane då butikken stengde. Bygget stengde, og alarmen vart utløyst. Takka vere kameratar på utsidar som fekk tak i ein vektar, kom mannen seg ut utan vidare dramatikk.

Klokka falv fire natt til søndag fekk politiet melding om ein kranglete fyr i Førde sentrum. Han bråka med folk rundt seg, og både mannen og kjærasten hans fekk pålegg om å halde seg vekke frå sentrum resten av natta. Paret køyrde av garde i Taxi, og med det var problemet løyst.

I Florø fekk politiet melding om krangling og bråk på eit nachspiel i halv seks-tida. Det vart meldt om trugsmål og kniv, men då politiet kom fram, viste det seg at det ikkje var nokon kniv involvert. Det er uvisst kven som har truga og kva som har skjedd, men politiet stoppa festen og sendte dei 4-5 involverte kvar til sitt.

Artikkeltags