Dette skjedde i fylket i natt

DEL

I natt klokka 00.44 fekk politiet melding om ei valdshending på festivalområdet til Trøkk n' Truck på Øyrane i Førde.

To menn i 20-åra hadde krangla, noko som resulterte i bortvising frå området.

– Det er mogleg at saka blir meldt. Det er opp til partane, seier politiets innsatsleiar Synnøve Domben.

Politiet var ikkje vitne til hendinga.

Dei haldt også promillekontroll på Trøkk n' Truck laurdag klokka 21. Der vart 52 førarar kontrollerte, men ingen hadde utslag på alkohol. Tre personar fekk gebyr for manglande førarkort.

Også natt til laurdag vart tre personar vist vekk frå festivalen:

Mann sette i arrest

I Florø vart ein mann i 30-åra sette i arresten. Det skjedde klokka 04.10 i natt.

Han var rusa, og blir meldt for ordensforstyrring. Han vart henta frå eit bustadområde i Florø.

– Vi skal avhøyre han i løpet av dagen, opplyser Domben.

Mange promillekontrollar

I Nordfjord har politiet haldt fleire promillekontrollar.

I Loen haldt dei kontroll frå midnatt til klokka 00.30. Seks stykke vart kontrollerte, men ingen av dei fekk utslag. Ein utanlandsk førar i 40-åra vart derimot meldt for køyring utan gyldig førarkort. Innsatsleiaren kunne ikkje opplyse om kva slags køyretøy han køyrde.

I Stryn haldt dei kontroll frå klokka 2 til 2.30. Tjue førarar vart testa for promille, men ingen fekk utslag der heller.

Artikkeltags