Fleire bilistar bøtelagde for mobilbruk

UP: Einar Vereide jobbar i UP Sogn og Fjordane. Bildet er frå ein tidlegare trafikkontroll.

UP: Einar Vereide jobbar i UP Sogn og Fjordane. Bildet er frå ein tidlegare trafikkontroll. Foto:

Av
DEL

Fleire bilistar blir tekne for å bruke mobil medan dei køyrer. 8.635 bilistar fekk førelegg for mobilbruk i første halvår, mot 8.089 i første halvår i fjor.

Det viser tal P4-nyheitene har fått frå Skatteetaten.

– Altfor mange bruker mobilen i bilen og det er ein uting. Det er mykje farlegare enn mange trur, seier Nils Sødal i NAF til kanalen.

Forsking frå USA viser at det å bruke mobil i bil er det same som å køyre med 0,8 i promille.

– Det er langt over alle promillegrenser som er forsvarleg. Det gjer deg veldig lite bevisst på det som skjer rundt deg, seier Sødal.

Det er klart flest menn som blir tatt for bruk av mobil medan dei køyrer – 6209 i første halvår i år, mot 2426 kvinner.

– Eg har inga god forklaring på kvifor. Det kan vere fordi fleire menn enn kvinner køyrer bil, men det veit vi for lite om, seier Sødal.

Sjef for Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen, seier det er vanskeleg vite årsaka til at fleire har vorte tatt. Han viser til at UP har eit jamt nivå på kontrollane.

I år vart reaksjonen skjerpt, ved at regelbrot fører til to prikkar på førarkortet i tillegg til bota og fire prikkar for dei som ikkje har hatt førarkort i meir enn to år.

Artikkeltags