21-åring gjekk til åtak på politiet

Knyttnevane og spyttklysene sat laust då ein rusa mann gjekk til angrep på politiet i natt

DEL

Ein mann på 21 år vart sett rett i arresten på Eid natt til søndag klokka 03.27.

Bakgrunnen for det var at 21-åringen hadde gått til åtak på politiet i Måløy. Mannen skal ha spytta og slått mot politibetjentane, opplyser politiet på Twitter.

– Eg veit ikkje bakgrunnen for åtaket, seier operasjonsleiar Steinar Haugsvik ved Vest politidistrikt.

Det vart ikkje noko personskadar ut av det valdelege angrepet, men mannen var rusa og lite samarbeidsvillig.

Politiet vil no opprette sak på hendinga. Avhøyra av mannen vil starte denne søndagen.

– Han får garantert eit førelegg for forulemping av offentleg tenestemenn, seier Haugsvik, og legg til at det elles har vorte ei stille og roleg natt i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags