Såg lause hundar springande langs riksvegen

Artikkelen er over 3 år gammel

Observasjonar av laushundar både i Flora og Eid.

DEL

Politiet melder om at det er observert to mellomstore, svarte hundar springande langs riksveg 5 ved Storebru i Flora.

Då hundane vart sett, sprang dei i retning av Naustdal.

Klokka 11.50 opplyser politiet at hundane er blitt tatt hand om av ein person i området. Hundeeigar kan kontakte politiet.

Laushund på Nordfjordeid

Det er også observert ein laushund mellom Statoil / Circle K og Eid barnehage på Nordfjordeid.

Ifølgje politiet dreier det seg om ein mørk, langhåra schæfer.

Artikkeltags