Bilist tatt i 96 km/t

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fire bilførarar har fått forenkla førelegg i ein fartskontroll fredag, melder politiet.

Kontrollen vart gjennomført i 80-sona på riksveg 5 på Knapstad i Eikefjord.

Høgaste farten som politiet målte, var 96 km/t.

Fire nye i Lærdal

I ein annan kontroll seinare på kvelden fekk endå fire bilførarar forenkla førelegg for høg fart.

Denne gongen hadde politiet teke oppstilling i 60-sone i Lærdal, der høgaste målte fart var 81 km/t.

I tillegg skreiv politiet ut eitt beltegebyr og eitt gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

Artikkeltags