Slåsting, rus og køyring i rus

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Etter at politiet laurdag kveld sette ein mann i arrest for å ha køyrt rusa i Lærdal og oppført seg truande med narkotika i bilen, stoppa dei ein annan bil på Bruland i Førde der både føraren og passasjeren var mistenkte for rus og bruk av narkotika.

Natta heldt fram med rus, slåsting og køyring i rus.

2252: Politiet tok med seg ein person som uroa orden i Florø sentrum. Personen vart seinare dimittert med ordre om å halde seg borte frå sentrum.

0000: Støy frå ein bustad i sentrum på Nordfjordeid. Politiet reiste til staden og la ein dempar på stemninga.

0030: Masseslagsmål i sentrum av Sogndal. Både politi og ambulanse måtte rykke ut. Politiet har samla personinformasjon om alle partane og vil følge opp saka.

0044: Husbråk i Olden. Partane, som hadde drukke ein del alkohol, hadde roa seg då politiet kom. Dei fekk ordre om å halde seg rolege.

0106: Rusa kvinne lagde kvalm i Florø sentrum og vart vist bort.

0206: Rusa kvinne hadde tatt kvelden i Florø sentrum. Ho vart tatt hand om av politiet og køyrd heim.

0223: Politiet melder om amper stemning ved ein utestad i Nordfjordeid sentrum. Politiet og helse kom til staden der ein person måtte få tilsyn av helse. Saka blir følgd opp av politiet.

0229: Politiet fekk melding om ein rusa person på fortauet i Måløy sentrum. Då politiet kom til staden kvikna personen til og vart tatt hand om av kjente.

0245: Politiet kontrollerte ein førar i tjueåra i Førde sentrum. Blåseprøva gav utslag på promille. Han vart tatt med for å ta blodprøve og politiet har oppretta sak.

0530: Rusa mann forstyrra ro og orden i Førde sentrum. Han har brukt morgontimane i arrest. Politiet har oppretta sak.

Artikkeltags