Russefeiring gjekk fint, men politiet fekk anna å gjere

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Klokka 02.19 laurdagsnatt kunne Politiet Sogn og Fjordane melde om at russen sitt natt til 1. mai-arrangementet på sanden i Naustdal var avslutta, og hadde gått fint.

Til saman fire personar vart vist bort frå staden, der ein av dei ikkje var russ.

Slåsting og promillekøyring

Elles fekk politiet nok å gjere denne natta.

Klokka 01.40 fekk politiet melding om ein gjest som var til sjenanse ved ein serveringsstad i Førde. Gjesten gjekk frå staden då politiet kom.

Klokka 02.21 vart det meld om slåsting ved ein serveringsstad i Florø, før det eit minutt seinare vart meldt om slåsting i Førde, også ved ein serveringsstad. Politiet drog begge stader.

I Eid mistenkte politiet promillekøyring ved to høve. Klokka 02.20 gjaldt det ein førar i 30-åra. Han vart tatt med til utåndingsprøve, og sak vart oppretta. Klokka 03.09 vart det ein førar i slutten av tenåra som var mistenkt. Han vart også tatt med til utåndingsprøve, og sak vart oppretta.

Artikkeltags