Brann i bil i Balestrand og utforkøyring på Sandane

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Det ser ut til å ha vore ei høvesvis roleg natt for lova sin lange arm trass i nyttårsfeiringa.

DEL

Klokka 01.06 vart det meldt om brann i ein bil i Balestrand.

– Vi fekk meldinga av brannvesenet som rykte ut før oss. Ein politipatrulje blei send til staden, her snakte dei med bileigar og andre som var til stades. Det vart oppretta sak på forholdet, seier Stine Mjelde hos politiet sin operasjonssentral.

Mjelde kunne ikkje svare på kva som var årsaka til brannen.

– Dette vil vidare etterforsking vise, seier ho.

Utforkøyring

På Sandane køyrde ein mann i 20-åra utfor vegen med bil i går kveld. «Førar gjekk tynnkledd frå staden» skriv politiet på Twitter klokka 21.04.

– Politipatruljen fekk etter kort tid kontakt med mannen. Han framstod som rusa og vart teken med på legevakta for blodprøve, fortel Mjelde.

På legevakta kunne dei bekrefte at føraren var rusa.

– Bilen var ikkje køyrbar etter hendinga og vart henta av Viking. Mannen var åleine i bilen, seier Mjelde.

Artikkeltags