Mann (26) treft av stein på fjelltur – måtte hentast av redningshelikopter

DEL

– Turguiden trong ikkje meir oppfølging, og han vart ikkje køyrt til lege eller sjukehus. Vi kan anta at tilstanden hans var bra, seier operasjonsleiaren i politiet.

Vest politidistrikt fekk melding klokka 11.48 torsdag om at ein turguide i Skagastølstindane i Sogn, hadde fått skadar i ryggen. Vedkommande hadde med seg to personar i følget, og han skal ha blitt treft av ein stein.

Det vart flydd inn tre fjellklatrarar for å ta seg fram til dei tre turgåarane. Dei vart sette av ved Turtagrø klokka 19.23, og kom fram til dei klokka 22.47. Tilstanden til alle tre vart skildra som ok. Turguiden var lettare skadd, men hadde smerter.

Det vart bestemt at dei ikkje kunne gå ned igjen, men om det var på grunn av helsetilstand, vêr eller bratt terreng, er ukjent. Det skal ha vore tåkete i området. Klokka 00.10 blei det bestemt å sende inn redningshelikopter på nytt for å hente ut alle dei seks som er der.

– Det tok litt tid å få henta dei opp fordi det var bratt og ulendt terreng, samt at det var vanskeleg å få lokalisert dei, opplyser operasjonssentralen.

Klokka 01.30 hadde redningshelikopteret fått henta opp alle seks, og floge dei til Sogndal. Klokka 02.43 melde Hovudredningssentralen at alle var sette av i god tilstand.

Artikkeltags