14 tonn fisk fall av lastebil i Nordfjord

Området er no rydda, og det skal ikkje vere trafikale problem på staden.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag kveld at ei last med fisk har falle av ein lastebil ved Almenning i Nordfjord.

Ifølge NRK Sogn og Fjordane skjedde hendinga på rv. 15 over Almenningsfjellet i Måløy.

Politiet melder at lasta har forskyvd seg og falle ut i ein sving. Området skal no vere rydda og det er ingen trafikale problem på staden.

Det melder politiet, som også har vore på staden.

– Det var totalt 14 tonn med fisk som ramla ut i asfalten. Noko av innhaldet for ut av kassene. Det var noko frosen makrell, blod og slo i asfalten som måtte ryddast opp, seier operasjonsleiar Knut Dahl- Mikkelsen i Vest politidistrikt til Firda.

Artikkeltags